I samarbeid mellom Lærdal kommune og frivillige lag og organisasjonar vert det arrangert ein kollektiv ryddedugnad i Lærdal kommune, onsdag 19. april mellom klokka 18:00 og 21:00. Dette etter mal frå kva som vart gjennomført dei siste åra.

Ryddedugnaden blir delt i tre soner: Lærdalsøyri, Ljøsne og på Borgund.

Her møter du opp for å bidra:

  • Lærdalsøyri: Klubbhuset til Lærdal idrettslag/skyttarhuset
  • Ljøsne: Ljosheim ungdomshus
  • Borgund: Borgund samfunnshus – følg med mtp tidspunkt. Blir truleg utsett pga snø. 

Det blir plassert container på Øyri ved klubbhuset til Lærdal IL / skyttarhuset, og tilhengar på Borgund og Ljøsne som skal nyttast til innsamling av boset.

Ved oppmøte får ein utdelt avfallsposar og hanskar før ein reiser ut i sin tildelte rode.  

Hugs! Ta med deg refleksvest.