No er våren komen for alvor, og det feirar me med ei rekkje arrangement neste helg - “Lyse dagar i Lærdal”. 

Allereie torsdag 20.april startar det med “Sirkulære Sogn” - eit heildagsprogram i kultursalen der mange spennande innleiarar kjem for å snakka. Det vil handla om alt frå korleis kapp kan bli til kubbegolv, eit ombruksprosjekt som er i gang i Lærdal, og om landbruksplast kan gå i loop.

Både fredag 21.april og laurdag 22.april på kvelden får du alle godbitane frå den lange musikkhistoria til Fox og Longhorn i showteltet på Lærdal ferie- og fritidspark. Åtte mann er på scena når showet “Frå Rock & Roll til Country - Ei musikalsk reise gjennom 55 år” går av stabelen over desse to kveldane. 

Laurdag på dagtid er det dessutan ei rekkje spennande ting som går føre seg i sentrum - gratis frukost til alle i Rådhusparken, opning av den spenstige satsinga “drive in-room” på Lærdalsøren motor hotell og det blir biltreff. Dessutan har butikkane gode tilbod, det er Bornas kulturhusdag på kulturhuset, barneteater same stad og loppemarknad i Frilund ungdomshus.

Søndag går det tradisjonsrike Lærdalsløpet av stabelen og loppemarknaden held fram - sjekk ut fullstendig program for “Lyse dagar i Lærdal” her:

Torsdag 20. april

Fredag 21. april

Laurdag 22. april

Søndag 23. april

 Med atterhald om endringar.