- Dagen er for alle, men spesielt retta mot næringsliv og kommunar. Så kjem det ein del folk frå ulike forskingsmiljø, fortel næringsrådgjevar i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne. 

“Sirkulære Sogn” går av stabelen i kultursalen i Lærdal torsdag 20. april. Det er ein fagdag om sirkulær økonomi med ei rekkje føredragshaldarar. 

- Det handlar om å få mest mogleg innatt i loopen. Korleis ting me har hatt ein tendens til å ville kvitta oss med kan brukast på nytt. Eit godt døme er at Timbla kjem og fortel om korleis ein kan gjera kapp til kubbegolv.

Skal syna breidda av gode tiltak

Det er ei rekkje interessante punkt på programmet - frå den litt annleis ombruksbutikken Upscale i Gloppen kjem det folk, marknadsdirektør Torbjørn Sæther i Infraplast fortel om kor vidt landbruksplast kan gå i loop, og det blir føredrag om ulike prosjekt innan ombruk og sirkulærøkonomi i Sogndal, Høyanger, Årdal og Lærdal.

Sjå program ved å trykkja her.

- I Lærdal har me eit prosjekt som går på korleis få næring ut av det me tradisjonelt sett har kasta. I dag er dette basert på frivillig arbeid, til dømes gjennom frivilligsentralen, seier Lysne.

- “Sirkulære Sogn” kan altså vera noko for dei som går med ein gründer i magen? 

- Det er veldig passande. 

Fagdagen er eit samarbeid mellom Lærdal kommune, Simas IKS, Sogn Næring og Årdal teknologipark. Føremålet med dagen er altså å syna breidda av gode tiltak som finst i Sogn innan sirkulær økonomi.

- Det kjem lovkrav som presser oss til å tenkja annleis kring dette framover. Me ser at fleire og fleire tek ansvar, frå små til store verksemder. Som Hydro; dei kjem, mellom andre.

Stor vilje

Dagen før det heile går av stabelen er kring 80 påmelde, men ein kan framleis melda seg på ved å trykkja her og fylla ut skjemaet.

Elles skal Pål Medhus frå Høvet Støtt leia tilhøyrarane gjennom programmet.

- Alle me spurde svara på første forsøk, så me kunne velja frå øvste hylle og kunne ha halde dette over tre dagar, seier Lysne.

- Kvifor blir dette halde i Lærdal?  

- Det handlar mellom anna om kommunedelplanen for klima, energi og miljø som seier at innan 2030 skal minst 50 prosent av alle verksemdene her ha kunnskap om sirkulær økonomi. Dessutan er ein slik dag noko Simas IKS har ønskt å få til.

Programmet går frå klokka 10-16, og dei to siste timane er sett av til FoU-møte (forsking og utvikling) som er delfinansiert av Vestland fylkeskommune. 

Fredag 21. april blir det dessutan arbeidsverkstad for lokal forankring av ombruksprosjektet i Lærdal – det går føre seg i same bygg, på villakssenteret.

- Viss nokon er interessert i den biten, er det berre å koma, seier Lysne.