Kommunestyret har vedteke oppstart av ny planprosess for å utarbeide ny plan og å leggje planprogrammet ut til offentleg ettersyn. Alle som ynskjer det, innbyggjarar, foreldre, tilsette i barnehage og skule, ungdomsråd, FAU, SU osv. kan spele inn meiningar og innspel om kva som bør prioriterast av kommunen framover. Ein kan og spela inn heilt nye tiltak som ikkje tidlegare har vore nemnd i planen. Døme på tiltak kan for eksempel vere endring av fartsgrenser, etablering av gang- og sykkelvegar, lyspunkt, fartsdemparar, fjerning av tre og busker eller anna som hindrar sikt, og liknande. Ein kan spela inn tiltak både på kommunale vegar, fylkeskommunale vegar og RV5/E16. Innspel kan og handla om førebygging innan trafikktryggleik.  Grunngjev gjerne kvifor du meiner tiltaket er viktig for å fremme trafikktryggleiken i området, og legg gjerne ved bilder eller kart som syner problemstillinga og området/strekning dette gjeld.

Framlegg til planprogrammet kan ein lesa her (trykk på lenka)
Den gamle Kommunedelplanen for Trafikktryggleik kan ein lesa her (trykk på lenka)

Alle innspel vert å senda til post@laerdal.kommune.no innan 01. juni 2023.

Kontaktperson i planarbeidet er planleggjar Monika Lysne, ta gjerne kontakt om de har spørsmål til saka.