- Me gler oss slik til å få publikum, at lærdølene skal få sjå dette på scena. Eg veit det blir bra, og eg er så stolt over det me har fått til, seier Ingrid Einemo Zwart.

Ho jobbar på kulturskulen som dramalærar, og saman med kollegaene bestemte dei seg før jul for å prøva å klinka til med ei stor førestilling.

- Alle elevar som ville kunne melda seg på, frå alle disiplinar me har i kulturskulen. Og heile 30 stykk ville vera med frå tredje til tiande klasse, det er ganske mange. Så me har jobba med det sidan jul og meir intensivt siste vekene, med øvingar tre gonger i veka. 

- Profesjonelt

Det er altså Disney-klassikaren «Alice i eventyrland» dei skal spela, då basert på ei norsk oversetting.

- Manuset var ferdig, men me har gjort vår eigen vri på det og plukka musikk sjølve. Bandet i kulturskulen er med oss, me har også fått med Matias Askvik, for me fann ut at me måtte ha ein scenograf. Og godt var det, elles hadde det ikkje vorte like bra. Så me har vore veldig seriøse og køyrt det heilt profesjonelt. Elevane har vore superflinke.

Førestillingane går klokka 18 kvar kveld tysdag til torsdag denne veka, altså 25.-27.april. Billettar kjøper ein ved å trykka her på lenkja til TicketCo – arrangørane oppmodar om å kjøpa billettar på nett i framkant. For born og unge under 16 år er det gratis, for vaksne 100 kroner.

I tillegg er det ei førestilling på dagtid onsdag for 1.-6.klasse.

- Me kallar det ein musikal, men ikkje heilt klassisk; det er ei dramatisering av boka med musikkinnslag. Me har masse kostyme og rekvisittar; der har foreldra verkeleg stilt opp. Så det har vore ein slik superdugnad. Masse arbeid, men veldig kjekt, seier Einemo Zwart.

- Søv ikkje om nettene

Og dette er noko nytt frå kulturskulen si side.

- Det har ikkje vore tradisjon for å setja opp store førestillingar slik. Dette blir nok fast, som ein årleg ting. Sidan det er ei familieførestilling håpar me mange familiar kjem, også med barnehageborn – og at mange blir inspirerte. 

- Kor spente er de no?

- Me er så spente, eg søv ikkje om nettene lenger, ler Einemo Zwart.