- Ingar Molde Paaske Minnefond vart oppretta etter Ingar sin tragiske bortgang ved badestranda i Lærdal i 2020. Føremålet med fondet er innsamling av midlar, som skal gå til førebyggande og livreddande tiltak for å hindra drukning, opplyser Njål Kaardal Golf, som har styrt med fondet.

I fjor hadde fondet ein innsamlingsaksjon med svært godt resultat og det vart bestemt at pengane då skulle nyttast på dei minste.

Sjå video frå sjøsetjinga av den nye brannbåten ved å trykka her

Mange tiltak

- Fondet kjøpte redningsvestar til alle barnehagane i Lærdal, Årdal og Aurland. Tiltaket vart veldig positivt motteke blant barnehagane. I tillegg har fondet kjøpt inn og plassert ut livbøyer på alle kjente og tilgjengelige badeplassar frå Løytnantsbrygga til Vindedalen, fortel Kaardal Golf.

Så har Lærdal Brann og Redning hatt behov for ein enkel, robust båt som kan brukast lokalt. Det vil seia til alt frå berginsoppdrag på fjorden til transport ut til veglause grender og plassar om noko oppstår og det hastar. 

Njål Kaardal Golf i Ingar Paaske Minnefond i front, Tor Magne Gjerde (t.v.) og Audun Helge Bjørkum på teknisk i bakgrunnen
Njål Kaardal Golf i Ingar Paaske Minnefond i front, Tor Magne Gjerde (t.v.) og Audun Helge Bjørkum på teknisk i bakgrunnen

I Årdal har dei ein slik båt, og den er ein god tryggleik om behovet oppstår.

- Minnefondet har vore i kontakt med fagpersonar i båtmiljøet som har anbefalt ein Pioner Multi rigga med diverse utstyr til føremålet. Dette er ein båt som vert brukt av ulike redningsselskap her i landet, forklarar Kaardal Golf.

Dermed fekk Ingar Paaske Minnefond tilbod på ein heilt ny slik båt til kr. 325.000,- inkl mva. Båthengar spesialtilpassa båten kosta kr. 54.000,- inkl. mva.

Sjå video frå siste del av sjøsetjinga ved å trykka her

- Stor givarglede

- Minnefondet starta ein innsamlingsaksjon retta mot bedrifter i Lærdal der me opplevde stor givarglede. Båten vart så kjøpt frå Slinde Transport som gav spesialpris på båten samt gratis transport til Lærdal. Lærdal Båteigarlag gav gratis båtplass ved småbåthavna for all framtid. Formannskapet i Lærdal løyvde kr. 100.000,- til båten, seier Kaardal Golf og rettar stor takk til alle som har vore med å bidrege til denne viktige investeringa til Lærdal Brann og Redning:

  • Fretland Bygg AS
  • Kraftriket AS
  • Lærdal Båteigarlag
  • Lærdal Ferie og Fritidspark ANS
  • Lærdal Tannhelse AS
  • Oskar Brugrand AS
  • Slinde Transport AS
  • Team Verkstad AS
  • Voll Lunde Maskin AS
  • Østfold Energi AS