Dermed feirar reiselivsverksemda heile helga med ein eigen Stars in concert-jubileumsspesial, der det er coverartistar av alt frå Madonna via Michael Jackson til Tina Turner.

Torsdag gjekk det første av tre show denne helga av stabelen, der ei rekkje samarbeidspartnarar var inviterte – blant anna mange lokale verksemder.

Dagleg leiar Even Aarethun heldt tale der han fortalde om historia, dei ulike satsingane Lærdal ferie- og fritidspark har hatt opp gjennom – han snakka varmt om dei mange både lokale og internasjonale samarbeidspartnarane og tok tilsette opp på scena.

Så tok kona, Elena, ordet – og minna Aarethun på at det var hans eiga satsings- og stå på-vilje som hadde skapt det verksemda er i dag.

Michael Jackson-cover var eitt av innslaga under jubileumsshowet
Michael Jackson-cover var eitt av innslaga under jubileumsshowet

Ordførar Audun Mo gratulerte med jubileet frå Lærdal kommune i form av ei blomehelsing – Lærdal ferie- og fritidspark har også gitt mange viktige tilbod for lokale i Lærdal; alt frå motorikkparken til restauranten Strandsitjaren og utleige av tråbilar og syklar.

Attpåtil framførte Boney M-coverbandet ein eigen song for ferie- og fritidsparken der publikum vart oppmoda til å vera med i form av ein enkel ståande dans – noko som fall seg meir naturleg for somme enn andre.

Det var til og med eigen jubileumssong under innslaget frå Boney M-coverbandet
Det var til og med eigen jubileumssong under innslaget frå Boney M-coverbandet

Lærdal kommune ønskjer Lærdal ferie- og fritidspark lukke til med jubileumsfeiringa vidare denne helga!