- Me har målt vegger og tak, lagt nye golv, fått nye lamper i heile huset og ein del nye møblar. Så har me hengt opp masse bilete, seier klubbleiar Lise Cirotzki Einemo.

Nytt lokale til Kosen ungdomsklubb stod klart i fjor. Det vart også avsett 400.000 kroner på investeringsbudsjettet til oppussinga som no er utført.

Så har ei arbeidsgruppe beståande av dei tilsette, ungdommar og ungdomsråd halde i prosessen. Rom for forandring ved Hanne Nygård-Bøe vart engasjert til å ta med seg innspela og presenterte vareprøver for arbeidsgruppa. 

Tysdag 9.mai vart Kosen opna att etter oppussinga.

Her inne går det i bordtennis, og ein ser nokre av street art-bileta som er komne opp på veggene

 

Måling, nytt golv, nye lamper og nye møblar er det oppussinga hovudsakleg har bestått i

- Ungdommane tykte det var kjempefint. Det står framleis att å få inn noko utstyr, for me har pengar til det som me har fått frå sponsarar. Me er så heldige å ha ein del av dei, seier Cirotzki Einemo.

Tysdag 23. mai er det offisiell opning etter oppussinga i form av ope hus – då blir mellom andre sponsorane spesielt inviterte.