Aktuelt


Undredal

Utlysing av tilskotsmidlar til verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområde

06. mai 2020

Aurland kommune lyser med dette ut tilskot til tiltak i verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.
Søknadsfristen er fortløpande med siste frist 1.september 2020.

Tilskot til soner for pollinerande insekt - ny tilskotsordning i Lærdal

06. mai 2020

Det er frå 2020 eit nasjonalt krav om at alle fylke skal ha dette tiltaket. I Vestland vert tiltaket i første omgang berre innført for Lærdal kommune.

Hund

Har du hund? Sjå her

29. april 2020

Tilbakemeldingar frå beitedyrnæringa no i vår er at det er viktig å merka seg bandtvangen som tådde i kraft 1. april. Det er ikkje lov å gå på tur med hund utan band no. Beitedyra er slept ut på beite og er ekstra sårbare no med sine nyfødde born. Syn omsyn, og føl reglementet.
Grunneigarar kan politimelde dei som ikkje overheld bandtvangen då dette er lovfesta.


​Informasjonsplakat om bandtvang

Magnhild og Ove

5,1 millionar til landbruket

17. april 2020

Frå 1.1.2020 overtok kommunane forvaltning av Verdsarvmidlane og midlar til Utvalde kulturlandskap.

Hjortebukk

Januarjakt på hjort og elg i Lærdal kommune

19. desember 2019

Ny jaktidsramme for hjort og elg i Lærdal kommune er 15.august til 31.januar. Dette gjeld til og med januar 2022. Det er ikkje høve til å driva jakt på hjort og elg i perioden 24. - 31.desember.

Hjortebukk

Daudt hjortevilt - meld i frå!

15. april 2019

No er våren her for fullt. Vinter og tidleg vår er vanlegvis tøffe tider for hjortedyra våre. Det er grunn til å tru at denne vinteren har vore snill, men nokre dyr har likevel truleg ikkje klart seg. Når sola og våren kjem, er folk meir ute og sjansen er til stades for å finna daude dyr.

Om de finn daudt hjortevilt vil me gjerne ha melding om dette! Då vert kadavera registrert og det vert teke prøve for skrantesjuke.  
Flott om de kan melda ifrå om funn til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no  anten på e-post eller på telefon 930 59 637.

Borlo bygdetun

Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL

05. april 2018

Viktig melding om søknadsfrist for SMIL i ÅLA - den er i 2020 sett til 1.mai.
Digital søknad via Altinn.