Sogn kunstsenter syner i år utstillinga Talande ting. Utstillinga syner fram stilleben, interiør og kunsthandverk frå Gjesmesamlinga, Eikaassamlinga, Astrupsamlinga og samlinga ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dei fleste verka skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, design, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell og teikning, alle frå perioden 1900 til 2019. Opningstider sommar 2022 er tysdag - søndag kl. 11-18 frå 18. juni til 14. august.

Norsk villakssenter ligg i same bygg som kunstsenteret. Senteret gjev besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Sommaren 2022 kan du sjå levande laks i lakseobservatoriet og delar av den nye utstillinga i senteret. I filmrommet kan du sjå filmen "Kampen for livet" og utanfor senteret kan du sjå uteutstillinga om laksen, hans liv og utfordringar. Senteret er ope kvar dag i juli og til 14. august frå kl. 11 til 18.

Lærdal post- og telemuseum held ope i juli onsdag-laurdag kl. 13.00-17.00.

Telegraf- og telehistoria  i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. I museet som ligger i gamle Telegrafen kan du sjå glimt frå ei spennande teknologisk utvikling av telehistoria i tillegg til ei interessant posthistorisk utstilling.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”.