Spennande tur i vakkert, variert og dramatisk landskap!

Me vandrar på historisk grunn i ein natur med stor artsrikdom. Her finn me ein flora med artar betinga av dei særskilde klimatiske og berggrunnsgeologiske tilhøva, m.a. raudlista artar, samt artar med ulik bruksverdi. Me får sjå jettegryter, skredfar og elvegjel, forma av dei veldige naturkreftene.
Litt om historia, som Kongevegen og husmannsplassen Galdane, får ein og lære. 
Guide på turen er Magnhild Aspevik frå Lærdal, «hobbybiolog» og landbrukssjef. 

Påmelding til arrangør Nærøyfjorden verdsarvpark v.Gry Mørk - tlf 9514 1438 eller e-post gry@naroyfjorden.no