Besøk ved Lærdal bu og omsorgsheim

LAS

Mange pasientar i helse og omsorgsinstitusjonar er særleg sårbare for smitte med covid-19 på grunn av alder og underliggande sjukdommar.  Det er difor framleis alminneleg besøksstans ved Lærdal bu og omsorgsheim. Dette er i tråd med retningsliner og tilrådingar frå helsedirektoratet. Tross gode smitteverntiltak, vil alle besøk kunne auke risikoen for smitte. 

 

Besøk skal avtalast med besøksvert på telefon: 404 00 539 , man.- fre. på dagtid.
Besøkstida vil vere: Måndag - fredag: 10:00-18:00
                                    Søndag: 14:00 -17:00
Besøkande skal nytte avtalt inngang, og vente på besøksverten der. 
Besøkande skal utføre handhygiene før dei går inn på LBO.
Alle besøkande må avgrensast til eit minimum.
Besøkande får ikkje opphalde seg i fellesareal.
Besøkande skal halde to meters avstand til andre, og ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøker.
Besøket vert avgrensa til 30 min innandørs.
Det vert ikkje høve til å nyte mat og drikke under besøket.
Besøksverten lyt vere til stades for å sjå til at smitteverns reglane vert følgt,  samt legge til rette for at besøket vert avvikla. 
Besøkande må gje beskjed til Lærdal bu og omsorgsheim dersom ein vert sjuk i løpet av dei to første døgna etter besøket. 
Det vert ført besøkslogg, for å sikre smittesporing i etterkant. 
 
Det vert gjord tilretteleggingar dersom det føreligg særlege omsyn hjå bebuar eller pårørande. Dette skal då gjerast avtale om på førehand. 
Vi tilrettelegg også for at bebuarane kan ferdast ute, eller få besøk utandørs. Her gjeld også basale smitteverns rutinar, men no med 1 meters avstand. 
Vi ynskjer at besøkande som tek med seg sin nære ut, held seg ved Sansehagen eller på grøntområdet kring sjukeheimen. Dette for at vi skal kunne ivareta på smittevernet, og ha kontroll på kor mange bebuaren kjem i kontakt med. Det siste med tanke på eventuelt smittesporing. 
 
Dersom de likevel vel å gå utanfor sjukeheimen sitt område, ber vi deg som pårørande passe på at smittevern-rutinane vert følgde.

Hjelp oss å halde covid-19 ute frå Lærdal bu og omsorgsjheim!