Innbrotet fann stad 5. mai. Hendinga vart raskt oppdaga, men uvedkomande kan ha fått tilgang til informasjon som namn, adresse og fødselsnummer for tidlegare- og eksisterande eigarar, samt festarar og eigarar av burettar. Personar med fortrulege adresser og/eller skjerma bygg er ikkje omfatta av hendinga, skriv Norkart i ei pressemelding.

Norkart opplyser at sårbarheita i systemet er retta opp. Selskapet har politimeldt datainnbrotet, som no er under etterforsking. Lærdal kommune reknar med at innbyggarane i kommunen kan vera råka, sjølv om me ikkje har fått noko melding om det. Kommunen har meldt avviket til Datatilsynet. 

 

Oppdatering av saken
Etter førespurnad frå Lærdal kommunen har Datatilsynet svart at denne hendinga ikkje er tilknytt tenester som kommunale kundar nyttar. Datoane som gjeld er knytte til heilt andre løysningar/tenester enn dei Lærdal kommunen nyttar dagleg.

 

Råd og informasjon om saka fra Datatilsynet finn du her.