Frå laurdag 25. september kl 16.00 vert plikta til smittekarantene oppheva. Reglar for innreisekarantene er framleis gjeldande.
Testar du positivt for Covid19 er du, som tidlegare, likevel plikta å isolere deg i 10 dagar.
Er du nærkontakt i same husstand eller tilsvarande nær (td kjærast), og uvaksinert, er du tilrådd å teste deg kvar dag i 7 dagar med hurtigtest eller annakvar dag med PCR.
Helsetenesta vil førebu å dele ut hurtigtestar for sjølvtesting.
Alle reglar for arrangement og serveringsstadar vert oppheva.

Vanlege smittevernråd frå føre pandemien er framleis gjeldande.
Alle oppmodast til å halde seg heime når dei er sjuke uansett grunn. Vis varsemd og beskytt deg og andre mot smitte når det er naudsynt.

 

Test- og vaksinasjonsprogrammet held fram.

Les meir om dei nye nasjonale råd og regler som gjeld i ein normal kvardag med auka beredskap som gjeld frå 25.september kl 16:00.