Sjå oppdatert kart
Me oppfordrar alle til å sjå i gardskart og sjekka arealtal for eigedomen din. Det er desse tala søknad om produksjonstilskot for areal blir kontrollert mot ved fyrstkomande søknadsomgang. 

Sjå gårdskart her

For å sjå endringar i gardskart etter førre søknadsfrist kan du velje Endring AR5 i menyen til venstre, og velg det øverste valget Okt. 2020 – nå

Kvifor er det gjort endringer?
Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som har oppdatert kartet. Når NIBIO oppdatera arealressurskartet samanliknar dei markslaget i kart med det dei ser i det nyaste flybilde. Det vert og samanlikna med kart med oppdaterte vegar og med opplysningar frå fyrste gongs feltkartlegging. 
Dei fleste oppdateringer som er gjort er av di det har skjedd endringer i landskapet. Dette kan vere endringar som til dømes: nydyrking, nedbygging, tilplanting eller attgroing. Det kan og vera at kartet tidligere inneholdt feil som no er retta opp.

Det er areala sin tilstand som skal leggast til grunn for klassifiseringen, ikkje bruken av arealet. Det vil sei at eit areal som tilfredsstiller definisjonen for «fulldyrka jord» og som kan fornyast ved pløying, skal registrerast som fulldyrka, sjølv om det vert brukt til beite.

På NIBIO sine nettsider kan du finna mer informasjon om kartet AR5
Det er og laga ein brosjyre om arealressurskart.
For innmarksbeite er det laga eit eige informasjonsark. Les om innmarksbeite på bokmål eller på nynorsk.

Vidare oppdatering
Kommunen held arealressurskartet (AR5) oppdatert framover. Endringar vert lagt inn fortløpande når det skjer.
Ta kontatk med Felles Landbrukskontor ÅLA. om det er gjort endringer på eiendommen din som påverkar jordbruksarealet, eller om du har spørsmål til endringar som er gjort.
Det vert lettare å halde AR5 oppdatert, med eit godt samarbeid med grunneigar.