I Norge har me godt drikkevatn, og mange av oss drikk vatn rett frå bekkar og elvar i naturen når me er på tur, fordi me er vant til at vatnet alltid er reint. Likevel er det fleire smittsame sjukdommar som kan overførast på denne måten. Elvar og bekkar har sitt utspring høgt til fjells, og faren for forureining aukar di lenger nedover i elve- og bekkefaret ein kjem.
Dei viktigaste kjeldene til forureining av drikkevatnet er avføring frå fuglar, viltlevande dyr og husdyr på utmarksbeite. Smittestoffa er usynlege, og du kan ikkje alltid stole på at vatnet er trygt sjølv om det ser reint ut.
Forureiningen av vatnet kan variere mellom årstidene. Om vinteren vil mange elvar og bekkar være beskytta av islegging. Når marka er frosen og nedbøren fell som snø, vert avrenningen til elvar og bekkar redusert. Dessutan er det færre beitedyr og fuglar som kan forureine vatnet på denne tida av året. Under snøsmeltinga om våren aukar forureininga av vassdraga. Det same gjeld i regnværsperiodar, blant anna om hausten. Risikoen for å verte sjuk når du drikk vatn rett frå naturen, er difor størst i desse årstidene.
Etter ein lang periode utan regn, har me no fått nedbør som vaskar fjell og fjellsider og som medfører at ein no har auka risiko for forureining, og ein bør difor ikkje drikke vatn rett frå elvar og bekkar.