Flaumsikring av Lærdalsøyri har vore eit svært viktig prosjekt for Lærdal kommune i lang tid.

Under eit ekstraordinært kommunestyremøte i midten av oktober fortalde NVE og Multiconsult om moglegheitsstudien som no er gjennomført. 

Studien ser nærare på moglegheitene for å byggja ein ny flaumvoll på innsida av eksisterande voll, eller forsterka eksisterande flaumvoll. 

Meir om det som kom fram i kommunestyremøtet finn du ved å klikka på denne lenkja 

Opptak av heile kommunestyremøtet finn du på denne lenkja 

No skal det haldast folkemøte om flaumsikringsprosjektet, og dette blir måndag 11. november kl. 18 i kultursalen. 

Program for folkemøtet

  • Ordførar Audun Mo ønskjer velkomen
  • NVE med Multiconsult presenterer moglegheitsstudien
  • Kaffipause
  • Spørsmål frå salen

Me tek sikte på å vera ferdige om lag kl. 20, men det skal vera god tid for dei frammøtte til å stilla spørsmål

Folkemøtet blir strøyma, lenkje til strøyminga blir lagt ut i framkant av møtet.