I februar skal formannskapet og kommunestyret ta stilling til kor Lærdal folkebibliotek skal lokaliserast i sentrum. For at alle skal få lika god informasjon om dei tre alternativa som vert lagt fram for politikarane, er alle som ynskjer det hjarteleg velkomne til eit folkemøte måndag 10. februar kl. 18.00 i Lærdal rådhus.
På møtet vert dei tre alternativa med skisser og kostnadar lagt fram, og administrasjonen vil presentera løysingane for dei frammøtte. Det vert lagt inn tid til spørsmål i etterkant av presentasjonen.
Sakspapira for saka, med tilråding frå administrasjonen, vert sendt ut i slutten av veke 6.