2020 vart «annleis-året». Me har måtte halda avstand for å ta omsyn, avlysa stort sett alt av kjekke arrangement i bygda, sprita og vaska oss dagen lang, til tider ikkje fått vitja våre kjære på omsorgsheimen; lista er lang. Samstundes har me vore forskåna for dei mest inngripande tiltaka og konsekvensane av korona i Lærdal – me har berre hatt tre smittetilfeller, og ingen har ført til lokale, større utbrot. Me har kunne halda skular og barnehagar uavbrote ope etter nedstenginga i vår og det lokale næringslivet har klart seg svært bra, i all hovudsak. Kanskje har me også fått augo opp for kor godt me har det på ein stad som Lærdal – her ligg naturen og fjella i all sin prakt med uendeleg mykje boltreplass; det er noko ganske anna enn å sitja «fanga» i ei lita leilegheit i byen.

Når me no står på tampen av dette annleis-året er det med von om at me kjem attende mot normalen i løpet av 2021. At me har eit så strekt ønskje om normalitet er noko å tenkja på; det tyder på at me har det ganske så bra når ting er ved det normale.
I mellomtida har me jula, som står strekt her i landet. Den blir annleis for mange – me må halda oss med våre næraste og nokre får ikkje vera saman på tvers av generasjonar i jula. Det kan kjennast vanskeleg, men i den store samanhengen er det eit relativt lite offer i desse tider. Det er slik ein må tenkja i den situasjonen me er i. Så blir det enno betre å vera saman med dei mange att, når den tida kjem. Og me kan framleis kosa oss med julematen, julebaksten. julefilmane, julepynten og julegåvene. Kanskje blir også samtalane rundt middagsbordet med våre aller næraste enno betre når me er litt færre? Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, som det heiter.

I skrivande stund er vaksina like om hjørna. Ein kan sjå fram mot lysare tider, vonleg i dobbel forstand. Difor kan me kanskje seia det slik i år: vekk med det gamle, med ønskjer om eit mest mogleg normalt 2021!

Retteleg god jul og godt nytt år frå Lærdal kommune og Lærdal Næringsutvikling!