Friluftslivets år blir sparka i gang med eit nasjonalt arrangement der Heile Norge bålar, i kombinasjon med Kom deg ut dagen.
Bålpanner og rebusløp torsdag ettermiddag
I Lærdal inviterer Barnas turlag Lærdal og Lærdal turlag små og store til rebusløype i sentrum. Så blir det sjølvsagt båling på bålpanne i Rådhusparken etterpå.
Dette skriv turlaga om arrangementet:
Ta med noko godt å grilla om du ynskjer å ta middagen eller kveldsmaten med oss! Me har tre bålpanner klare til dykk!
Og du - inviter med deg nokon du tenkjer kunne hatt glede av å vera med, som du kanskje ikkje pratar med kvar dag. Det er alltid plass til ein til rundt bålet!
Oppmøte for rebusen er i Rådhusparken mellom 17 og 19.
Lapskaus, kaffi og saft over bålpanna midt på dagen fredag
Fredag 17. januar frå klokka 11 til 13 blir det nytt bålarrangement i Rådhusparken, dette er eit samarbeid mellom Lærdal Frivilligsentral, BUA Lærdal og Sogn friluftsråd!
Her blir det servering av lapskaus, kaffi og saft, sjølvsagt med bålpanner. Det blir også informasjon om tilbodet med utlån av friluftsutstyr som Bua har.