Ikkje metallskrap-innsamling denne våren

Bilde

På grunn av den uavklarte situasjonen kring korona-viruset, så vert det ikkje planlagd metallskrap-innsamling denne våren. 

Kommunen har motteke fleire spørsmål om det vert metallskrap-innsamling også denne våren i Lærdal. Det er svært positivt at bygdefolket ynskjer å rydde i innmark og utmark også i år. Grunna den uavklarte situasjonen med koronaviruset, stengde miljøstasjonar, mogleg redusert kapasitet til organisering av ein slik aksjon osv. så vert det dessverre ikkje planlagd ein slik innsamling denne våren. Kommunen vil likevel oppfordre til rydding også i år, då kontinuerleg innsats for ei reinare og ryddigare bygd er svært positivt for alle. Kommunen vil jobbe for ein ny metallskrap-innsamling neste vår, og jobbar også med oppfølging av andre ryddeprosjekt i mellomtida.