Prioritering av vaksinedosar pr. dato (15. januar):

Bebuarar på sjukeheimar og utvalde helsepersonellgrupper. 
Alder 85 år og eldre. Også utvalde helsepersonellgrupper tilhøyrer denne prioriterte gruppa.
Alder 75-84 år
Alder 65-74 år og personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.
Alder 55-64 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
Alder 45-54 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
Alder 18-44 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar
Alder 55-64 år
Alder 45-54 år
Det er usikkert kor raskt kommunen får vaksinane og kan tilby dei til tilrådde grupper. Informasjon om dette vert løpande oppdatert på nettsida til kommunen.
 
Personar som vert prioriterte, vert kontakta for tilbod om vaksinasjon.
 
Vi gjer merksam på at det ikkje er nødvendig å kontakta kommunen eller fastlege for å setja seg på venteliste.
Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
Det nye koronaviruset gjev infeksjon i luftveiene. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.
Ut på nyåret og vårparten er det venta at vaksinasjonen vil få eit stort omfang. Dette medfører at det må setjast inn store personellressursar for å få gjennomført vaksinasjonsprogrammet. Kommunalt tilsette frå ulike arbeidsstader må periodevis ta del i dette arbeidet.