Informasjon om koronaviruset
Informasjon om koronavaksinasjon
Norge får tilgang på fleire vaksinetypar. På nettsida til Folkehelseinstituttet (FHI) ligg det informasjon om distribusjon av vaksinedosar til den enkelte kommune.
Status på koronavaksineringa i Lærdal
Informasjon om koronavaksine
Lærdal kommune planlegg no gjennomføring av vaksinasjon.
Oppmoding frå kommuneoverlegane
Kommuneoverlegane i kommunane i opptaksområdet til Helse Førde ynskjer å komme med ei oppmoding til innbyggarar og besøkande i kommunane.
Pressemelding
Lærdal kommune har det siste døgnet testa 48 personar for Covid 19. Me har fått svar på 42 av prøvane, desse er alle negative. Inntil dei siste prøveresultata ligg føre, vert Lærdal Bu og omsorgsheim stengt for besøk til måndag.
Lærdal kommune vil informere løpande om situasjonen.
Pressemelding
Eit tilfelle av Covid 19 i Lærdal kommune. Torsdag 5.november vart det kjent at ein eldre person er smitta av Covid 19. Smittekjelda er ukjent og tilbake i tid. Alle nærkontaktar er identifisert og sett i karantene, tilsaman fem personar. I tillegg gjennomfører no kommunen ei omfattande smittesporing, og testing av aktuelle personar. Kommunen har gjennomført smittesporing. Alle som er aktuelle for testing er kontakta og vert testa i dag.