Denne veka har alle i Lærdal fått tilsendt eit postkort i posten. Postkortet er ein del av kunstprosjektet Holdeplassen som har fått støtte frå KORO (Kunst i offentleg rom).

Kunstnarane er i gang med å kartlegge kva historiar og relasjonar me i Lærdal har til steinar. Dei har difor laga postkort for å kunne samle inn historiar me ber på om steinar. Det er plass til å teikne på framsida av kortet eller skrive ein tekst på baksida. Postkorta kan de levere i postkassa utanfor gamle Telegrafen, postkassa utanfor Rådhuset eller postkassa som heng er på Gamle Holdeplassen.

Kunstnarane som arbeidar med prosjektet er Eva Ballo, Inga Skålnes og Birk Nygård.

Dei som reservert seg mot uadressert reklame får ikkj kortet i postkassa, men kan hente kort hjå Fredag eller på rådhuset innanfor opningstidene.


For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Tone Einelia

 

Eit eksempel er Sigrid som har teikna Badnesteinen på eit av postkorta. “Badnesteinen var grensa for kor langt ungar fekk gå i møte med dei som kom i frå fjellet.”

Postkort Badnestein