Her kan du lesa meir om prosjekta “Tett på barn og unge i Lærdal”, BTI-prosjektet og mobbeombodet. 

Tett på barn og unge i Lærdal

Det har sidan 2021 vore gjennomført eit prosjekt under namnet “Tett på born og unge i Lærdal”. Hovudpoenget med prosjektet har vore å kartleggja tenester og verktøy ein har frå før, og kva behov det er på dette feltet i kommunen.
 
Prosjektet har resultert i at Lærdal kommune no jobbar systematisk med dette, og hovudtrekka kan oppsummertast slik:
  • Å sikra rett hjelp til rett tid
  • At det ikkje skal ikkje vera personavgengig kven ein møter, altså kva stilling vedkomande har
  • At dei som hjelper, skal ha tilgang til dei same verktøya
  • Å ha tilgjengelege hjelpemiddel i kommunen for å førebyggja og støtta opp om foreldrerolla
Barnevernsreforma i 2022 pålagde alle kommunar å laga ein plan for å førebyggja åtferdsvanskar og omsorgssvikt. I september 2023 vedtok kommunestyret i Lærdal ein Førebyggjande plan for born og unge, som du kan lesa ved å klikka her.

Prosjektet BTI (betre tverrfagleg innsats) i Lærdal

Som ein del av prosjektet «Tett på barn og unge i Lærdal» har Lærdal kommune søkt og fått innvilga ein million kroner i tilskotsmidlar frå Bufdir til å utvikle ein samhandlingsmodell i kommunen. 

Føremålet med ein samhandlingsmodell er å sikre tidleg identifisering og oppfølging av utsette barn. Det er bestemt at Lærdal skal nytte BTI-modellen. Modellen blir nytta av om lag 150 andre kommunar i Noreg, deriblant Årdal og Sogndal. 

Modellen skal brukast av alle som arbeider med gravide, born, ungdom og foreldre/føresette og skal sikre tidleg innsats, samordning av hjelpetiltak, systematisk og lik oppfølging til brukargruppa. 

Brukarane sin rett til å medverke i eiga sak står sentralt i BTI-modellen. I modellen skal det utarbeidast ein handlingsrettleiar som skal vere oppskrifta på korleis ein skal gå fram dersom ein undrar seg over eit born, altså gangen frå bekymring til handling. Samhandlingsmodellen og handlingsrettleiaren skal digitaliserast og vere tilgjengeleg for alle, også innbyggarar i kommunen. 

I utviklinga av modellen er det viktig at brukargruppa får medverke og kome med innspel til kva som er viktige for dei. Dette skal gjerast gjennom å innhente innspel gjennom workshops og spørjeskjema. Ungdomsrådet og utval for levekår er allereie orienterte om prosjektet.

Dersom nokon har spørsmål om prosjektet kan ein ta kontakt med prosjektleiar Silje Eidsgaard Langehaug på e-post: silje.langehaug@laerdal.kommune.no    

Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland
Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland. Foto: Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune

Mobbeombod i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no. Du kan følgje ombodet på Facebook eller på Instagram.

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp nettsida til mobbeombodet.

Kommunal plan for inkluderande barnehage- og skulemiljø

Inkluderande barnehage- og skulemiljø er ei nasjonal satsing som er leia av Udir. Delar av denne planen er henta frå felles plan for kommunane i Sogn. Tidlegare har Sogn Regionråd vedteke Regional plan for arbeidet med god psykisk helse hjå barn og unge. Desse to planane, saman med føringane i nasjonalt planverk for barnehage og skule, ligg til grunn for Lærdal kommune sin lokale plan.