Ordføraren er på reis komande torsdag, difor blir Kåffikopp med ordførar og varaordførar utsett ei veke - til torsdag 6. februar.

Det er berre nokre dagar før eit folkemøte om plassering av Lærdal folkebibliotek. Måndag 10. februar blir det nemleg folkemøte om dette - meir informasjon kjem snart på Lærdal kommune si nettside. I alle fall kan kåffikoppen torsdagen før vera ein god moglegheit for å koma med sine synspunkt på denne saka 

Men du kan sjølvsagt ta opp andre saker som irriterer, engasjerer eller begeistrar deg - kva som helst, eigentleg. I så fall er det berre å møta opp i 1.etasje på rådhuset torsdag 5. februar mellom klokka 18 og 20. Og hugs å ta deg ein Twist eller fem - ordføraren er kjapp me å fylla oppatt skåla.