Arrangerementet er ei spire i Tett på-prosjektet og er eit tiltak som vikarierande prosjektleiar Ingrid Zwart og helsesjukepleiar Ingrid Natvik Ødegård har jobba fram. Målgruppa for arrangementet var ungdom mellom 13 og 17 år.

Tysdagen vart det arrangert kviss av sjølvaste ordføraren, Audun Mo. Ambulansepersonell, prest, politi, Røde kors og andre frivillige stilte opp og hjalp til for at alt skulle gå på skinner.

Basen for arrangementet var ungdommane sin andre heim, ungdomsklubben Kosen. Her var dei faste tilsette på ungdomsklubben som kjenner Lærdalsungdommen best. Lise Cirotzki (klubbleiar), Ann Kristin Mo og May Sonja Myrmel. Dei tok ansvar for mat, rydding og ellers ro og orden.

Som hovudpremie stilte hotelldirektør Johannes Einemo opp som sjåfør i sin gule Lamborghini. Laksen bakeri sponsa andre plassen med eit gåvekort på kr. 1000,- og tredje plassen vart premiert med kinobillettar frå Lærdal kino.

Tusen takk til alle som var med på å bidra til at dette vart eit uforgløymeleg arrangement for ungdommane i Lærdal!

Sjå film frå Kom Heimatt for ungdom:

Alle foto og film: Jostein Brugrand