I arbeidet med forvaltningsplanen er det sett ned ei arbeidsgruppe med kommunane i verdsarvområdet, verneområdeforvaltninga og verdsarvkoordinator. Vi ynskjer innspel frå alle som brukar området. Kva har fungert bra og kva fungerer dårleg? Kva har endra seg, og kva er viktig å ha med i den reviderte planen? 
 
Verdsarvområdet dekker areal i dei fire kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss, og det blir arrangert fire ulike innspelsmøte for å nå ut til flest mogleg. 
 
Lærdal rådhus Onsdag 17. november kl 19.00
Fretheim hotell i Flåm Torsdag 18. november kl 18.00
Kaféen i Fresvik Tysdag 23. november kl 18.00
Gamle hotellet i Gudvangen Torsdag 9. desember kl 18.00
 
På møtet i Lærdal vil naturlege tema mellom anna vere retningslinjer for forvaltning av Bleia naturreservat og Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, jakt, Aurlandsfjellet som innfallsport til verneområda/verdsarvområdet, villreinforvaltning i Nordfjella og bruk av den nedlagde garden på Hausen.

I Aurland kommune blir det møte både i Flåm og i Gudvangen. På desse møta vil naturlege tema vere turisme og tilrettelegging, og den belastninga dette kan vere for små bygdesamfunn. Vi ynskjer mellom anna innspel på tilrettelegging for aktivitet på og ved fjorden, og utvikling rundt Stalheim og Stalheimskleiva. I ny forvaltningsplan treng vi meir kunnskap om tilstanden i fjordøkosystemet. Andre aktuelle tema er landbruk, villrein, motorferdsel og byggeskikk på stølshus. 
 
Det blir enkel servering av kaffi og noko attåt.