Kommunen er pålagd gjennom Plan- og bygningslova å utarbeide ein samla kommuneplan, som skal innehalde ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommunen kan i tillegg utarbeide kommunedelplanar for bestemte område eller temaplanar. Kommunestyret i Lærdal kommune vedtok Kommunal Planstrategi i juni 2021, der det går fram at det skal lagast ein kommunedelplan for næring. Føremålet med næringsplanen som skal utarbeidast, er å planleggje for eit robust, heilskapleg og nytenkjande næringsliv i Lærdal, som ikkje lengre er i omstilling, slik det står i planstrategien til kommunen.

Kommunestyret vedtok i møte 05.05.2022 oppstart av planprosessen, og la samstundes planprogrammet ut til høyring og offentleg ettersyn. Planprogrammet er ei skildring av korleis planprosessen skal føregå. Alle kan senda inn innspel til planarbeidet, kommentarar på planprogrammet, idear til næringsarbeidet til kommunen osv. Alle innspel vert å senda til epostmottaket til kommunen: post@laerdal.kommune.no eller med post til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal.  Frist for å koma med innspel er sett til 30. august 2022.

Les framlegg til planprogram her (trykk på lenka)

Les sakspapir frå møte i kommunestyret her (trykk på lenka)