Korona - utanlandsreiser og besøk frå utlandet

Desse retningslinjene er ei presisering av gjeldande råd fra FHI og Helsedirektoratet som vedkjem helse og omsorgsarbeidarar i kommunen.
Andre tilsette som utfører arbeid i helseinstituasjonar er også omfatta av denne rutina, dette gjeld til dømes reinhaldarar og vaktmester. 

Kvar går reisa?
Det er frå 15. juli opna opp for fritidsreiser til mange land i Europa som har ein smittesituasjon vurdert som under kontroll etter kriterie sett av FHI. Dette er land som vert skildra som «grøne», og ein kan reise til desse landa utan å måtte i ti dagars karantene ved heimkomst.
Lista over «grøne» land vert oppdatert kvar 14. dag på FHI si nettside om reiseråd. Reise til land som ikkje er «grøne» vil føre til 10 dagars karanteneplikt ved retur.
Ver oppmerksam på at land som er «grøne» kan endre status og bli «raude» i løpet av reiseperioden.
Då må du i karantene når du kjem heim.
Unntaka frå reiseråda er ikkje ei oppmoding om å reise, og det er viktig at kvar einskild tilsett nøye vurderar behovet for å reise utanlands.

Kva må du tenke på under reisa?
Du må følge FHI sine reiseråd ved alle reiser både i inn- og utland. Det er spesielt viktig at du tenker på følgande:

  • Unngå nærkontakt med andre enn reisefølget ditt. Hald minst 1 meters avstand.
  • Unngå samlingar av folk der du kan risikere å stå trangt – til dømes kollektivtransport, fotballkampar, utestadar og liknande.
  • Ver nøye med handhygiene og unngå å ta deg i andletet. Ha alltid handsprit lett tilgjengeleg.


Kva må du tenke på når du kjem heim?
På reise kjem ein i kontakt med fleire og andre menneske enn til vanleg. I dei fleste land i Europa har ein hatt vesentleg meir smitte enn i Norge, og smittesituasjonen er stadig skiftande og lite føreseieleg.

Utanlandsreiser fører med seg auka risiko for smitte. I Lærdal kommune gjeld difor følgande tryggleikstiltak for helsearbeidarar og pleie / omsorgsarbeidarar som har vore på reise i utlandet:

Etter reise til «grøne» område:

  • Munnbind i nærkontakt (<2m) med pasientar første ti dagar etter heimkomst. Du skal være spesielt merksam på eigne symptom på sjukdom.
  • Ved symptom skal du ikkje møte på arbeidsplassen. Informer leiinga, gå i karantene og bestill testing.
  • Tilsette testast for Covid-19 ved heimkomst. Du skal ikkje vere i pasientnært arbeid før første prøve er stadfesta negativ. Kontrollprøve skal deretter takast tidlegast 48 timar etter første prøve og tidlegast 5 dagar etter heimkomst. (FHI sine reiseråd til helsepersonell)

Etter reise til eit område som er «raudt» på det tidspunktet du kjem heim, eller reise utanfor Schengen/EØS, må du i 10 dagars karantene etter heimkomst.

Kommunen gjev ikkje unnatak for reiser i Norden.

Kven har ansvar for kva?
Helsearbeidarar jobbar tett på personar som har auka risiko for alvorleg forløp av Covid-19. Den enkelte har difor eit særleg ansvar for å oppføre seg slik at risikoen for å sjølv verte smitta – og dermed potensielt smitte andre – er så lav som råd.

Lærdal kommune har ansvar for at vi har system for å førebygge smitte i tenestene våre. Vi ønskjer difor at du informerer din næraste leiar om eventuelle utanlandsreiser i god tid slik, slik at ein kan legge til rette for førebyggande tiltak ved heimkomst. Time for testing ved heimkomst kan avtalast i god tid – gjerne før du reiser.

Dersom karantenetida ikkje inngår i avtalt feriefråvær, må tilsette gå i karantene utan løn (uløna permisjon). Som hovudregel gjeld dette også der land/region endrar status frå «grønt» til «raudt» under opphaldet.

Lars Bogstad
konstituert rådmann