I samband med nedstenging av fleire kommunar på austlandet, har kommuneoverlege Frode Myklebust følgande oppmoding og presisering som gjeld for Lærdal med verknad frå i dag 23. januar og i første omgang til 31. januar:

- unngå å reise til kommunane som no er stengt ned, dvs Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås, Indre Østfold og Moss.
- alle som har vore eller kjem frå desse områda til Lærdal vert oppmoda om å gå i sjølvpålagt karantene, og teste seg på dag 3 og dag 7.

Lærdal kommune ber innbyggarane om å ikkje reise til desse områda, samstundes oppmodar me om at personar frå desse områda unngår å besøke Lærdal.

Dersom verksemdene i Lærdal har innført eigne reglar må desse følgast.