Kulturmidlar og stipend

 

Utlysing kulturmidlar 2020

Lærdal kommune lyser ut kulturmidlar til frivillige lag og organisasjonar som arbeider innan kulturområdet i kommunen. I vurderinga av søknadane vil kommunen leggje særleg vekt på aktivitetsnivå, generell økonomisk evne og søkjaren sitt tilbod til barn og ungdom. Rekneskap og årsmelding frå sist år skal følgje søknaden.

For å søke fyller de ut søknadsskjema kulturformål - søknad om tilskudd

Ved spørsmål, kontakt kst. kulturleiar Guro Nesse, tlf. 958 94 953 eller e-post: guro.nesse(alfakrøll)laerdal.kommune.no

Søknadsfrist: 17.april 2020

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar og aktivitetsstønad i Lærdal

 

Utlysing kultur- og idrettstipend for ungdom 2020

Lærdal kommune lyser ut kultur- og idrettstipend for unge talent og utøvarar mellom 15 og 25 år. Føremålet med stipendet er å hjelpe unge, aktive kulturutøvarar til å søkje utvikling og framgang på sitt område. I tillegg vil stipendet stimulere til kunstproduksjonar, kunstutøving, idrettsprestasjonar eller utdanning innanfor kultur og idrett. Stipendet kan også tene som ein honnør for særleg innsats og til vidare inspirasjon. Ein kan søke sjølv eller kome med framlegg om andre kandidatar.

For å søke på stipendet må ein fylle ut søknadsskjema Kultur- og idrettstipend

Søknadsfrist 17. april 2020

Kultur- og idrettstipend retningslinjer