Kunstprosjektet Haldeplassen

Prosjektleiar Tone Einelia

Open call-invitasjon til kunstprosjekt på Holdeplassen

Lærdal kommune har motteke støtte gjennom LOK, lokalsamfunnsordninga til KORO.

I samband med dette søkjer vi samarbeid med kunstnarar, uavhengig av sjanger, til å melda si interesse. Holdeplassen-prosjektet er ein naturleg vidareføring av at Lærdal var ein av pilotane i programmet Levande lokale i regi av DOGA (norsk design og arkitektur Norge). Det har dei siste to åra vore ei rekkje nyetableringar i Gamle Lærdalsøyri i form av nye handel/kulturtilbod. Dette betyr ny aktivitet og behov for ytterlegare oppgraderingar av uteområdet rundt det unike trehusmiljøet i Lærdal.

 

Søknadsfrist 22. januar 2020.

 

Les heile invitasjonen