I Lærdal har me normalt mellom 30 og 50 dokumenterte påkøyrsler av hjort. Det siste jaktåret vart 44 hjort påkøyrd i Lærdal. 27 av desse påkøyrslene enda med at hjorten dauda, medan i 17 av tilfella vart hjorten ikkje funne att, eller vart friskmeldt. Trass i noko redusert bestand, og fleire tiltak i form av hjortegjerder, er det framleis store utfordringar i trafikken i Lærdal. I Aurland vart 5 hjort påkøyrd siste jaktår, medan i Årdal er det 5 dokumenterte påkøyrsler.

Hjort, elg og rådyr som vert påkøyrd eller funne daudt av andre årsakar, skal prøvetakast for CWD (skrantesjuke). Dette gjeld hjortevilt som er eit år eller eldre og i heile Noreg. Kor mange dyr som daudar av andre årsakar enn trafikk, varierer mykje med kor tøff vinteren er. No har me hatt eit par snille vintar, med høg overleving blant hjortedyra. Likevel er det funne 42 hjort som har dauda av naturlege årsakar (22 i Aurland, 4 i Årdal og 16 i Lærdal). Det er ofte ein del arbeid for å få prøveteke desse for skrantesjuke. Dei kan liggja langt oppi lia, uti ei elv eller flyte rundt i fjordane. Me er avhengige av tips frå publikum om sjuke eller daude dyr, så meld ifrå til viltforvaltar Knut Fredrik Øi (telefon 93059637) om du har sett sjuke eller daude dyr.

6. mai arrangerte landbrukskontoret kurs i prøvetaking av fallvilt for ettersøksringane i ÅLA. Desse har i oppdrag å hjelpa kommunane med praktisk fallviltarbeid. Ved å utdanna ettersøksjegrane i prøvetaking, er me fleire til å ta desse viktige prøvane. Totalt vart 14 deltakarar kursa i prøvetaking. Mattilsynet v/Nils Martin Fjær stod for opplæring i prøvetaking av hjerne- og lymfeknute. I tillegg samlar me inn kjevane frå fallviltet, slik at desse vert aldersbestemt.  

Det er mange som gjer ein stor jobb i samband med skrantesjuka. I denne omgang; ein stor takk til kvardagsheltane i ettersøksringane!»