Lærdal kultursal

Målgruppa for bruk av Lærdal kultursal er offentlege og private verksemder, lag og foreiningar, kulturarrangørar, private aktørar som fremjer lokal aktivitet og private arrangement.


Særskilde reglar for utleige av Lærdal kultursal:

  • For bruk av lydutstyr, utover enkel mikrofon, eller kinoutstyr må teknisk bistand leigast i tillegg. Dette må bestillast seinast 8 dagar før arrangementet. Prisar for dette vert avtalt etter høve.
  • Opplæring i teknisk utstyr (data, lys, lyd, projektor) bør gjerast på dagtid.
  • Det er 150 sitteplassar i salen i tillegg til scene og garderobar.
     

Borgund samfunnshus

Målgruppa for bruk av Borgund samfunnshus er offentlege og private verksemder, lag og foreiningar, kulturarrangørar, private aktørar som fremjer lokal aktivitet og private arrangement.

Særskilde reglar for utleige av Borgund samfunnshus:

  • Nøkkel vert henta på Borgund nærbutikk etter avtale med sentralbordet til kommunen.
  • Reingjering må avtalast på førehand.
  • Ved behov for lydutstyr må dette avklarast i god tid på forkant. Kontaktperson for utleige av lydutstyr er kulturskulerektor.

Andre kommunale lokaler

Storstova Lærdalsøyri skule

Kontaktperson: Solveig Grøthe, Lærdalsøyri skule

 

Ljøsne gymsal*

Kontaktperson: Tenestetorget, Lærdal rådhus

 

Borgund gymsal

Kontaktperson: Ingrid Kristina Rio, Oppvekst Borgund

 

*Kommunen leiger gymsalen måndag-torsdag. Resterande dagar må avklarast med byggeigar