Har du testa positiv på hurtigtest skal du no registrere resultatet sjølv på Lærdal kommune sitt smitteporingssystem ReMin. Du må ha norsk personnummer og bank ID for å registrere hurtigtest. Dei som ikkje har norsk person- eller Dnr med Bank ID ringer  Lærdal helsesenter tlf 57669500 for å melde. Du kan og registrere på vegne av andre, då må du registrere med den andre sitt personnummer.

Du melder om positiv hurtigtest her.

Du skal samstundes registrere dine nærkontakter, som kan vere:

  • Husstandsmedlemar
  • Andre tilsvarande nære (t.d. kjærast, nær ven, overnattingsbesøk)
  • Andre du har vore nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt utan beskyttelse.

Når du er ferdig med reigistreringa får du ein SMS med stadfesting og link til regelverket.

Bekrefting med PCR test er ikkje naudsynt for alle.

Har du tatt 3 dosar koronavaksine eller 2 dosar vaksine + gjennomgått korona-infeksjon siste 3 månadane treng  du ikkje lenger bestille stadfesting ved PCR-test. Ein positiv hurtigtest vert rekna som sikker positiv – dvs at du har blitt smitta av korona. Du må då følgje reglar for isolasjon som er gjeldande til einkvar tid. Du treng ikkje kontakte kommunen med mindre du treng helsehjelp for sjukdommen.

Har du ikkje tatt vaksine, eller kun tatt 2 eller færre dosar? Då ynskjer me at du tek kontakt med oss på telefon 57669500 for å avtale tid for PCR-test ved helsesenteret. Du skal likevel straks gå i isolasjon etter reglane, og registrere den positive testen i systemet som vist over. Elles gjeld vanlege testreglar: test deg ved symptom og hald deg heime ved luftvegsinfeksjon.

Les meir om isolasjon og karantene på Helse Norge sine nettsider.