Les meir om næringsfondet her: Tilskotsordningar, søknadsskjema, dokument

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til næringsrådgjevaren er:

  • handsame søknader om tilskot frå næringsfondet
  • rådgjeving og rettleiing
  • informasjon og kommunikasjon
  • koordinering og samhandling
  • nettverksbygging

Ta kontakt om du ynskjer å utvikle verksemda du har, eller går med ein ide eller draum om å starte ny verksemd eller ny aktivitet. Ingen ide er for liten og ingen er for stor. Kommunen kan også vere ein døropnar inn mot andre aktørar innan næringsutvikling. 

Det er ønskjeleg at du tek kontakt tidleg i prosessen, slik at me på best mogleg måte kan bidra i å utvikle ideen din.