Frå før er fleire kommunar på austlandet omfatta av same restriksjonar.

Lærdal kommune oppmodar våre innbyggjarar og andre som oppheld seg i kommunen om å følgje Folkehelseinstituttet sin råd om å unngå unødvendige reise til andre kommunar. Situasjonen endrar seg fort, og me ser at stadig nye kommunar har påvist smitte med det muterte viruset. 

Dersom ein må gjennomføre ei nødvendig reise til ein kommune med pågåande smitte er det viktig å følgje med på kva som skjer på staden du planlegg å reise til. Nødvendige reiser er t.d. jobb, skulegang med fysisk oppmøte, sjukehus/legekonsultasjonar, gravferd, alvorleg sjukdom i familie osv. 

Dersom du har eit naudsynt ærend og må reise til  områda med pågåande smitte rår me til å:
- Unngå områder med mykje folk og trengsel.
- Unngå nærkontakt med personar som ikkje er frå ditt eige nærområde, og som du  er usikker på.
- Ikkje besøke nokon, eller stoppe for å handle eller liknande.
- Laste ned appen Smittestopp og hugs å ha den på.
Dersom verksemdene i Lærdal har innført eigne interne reglar må tilsette følgje desse.
 
Testing
Ynskjer du å ta koronatest ta kontakt med helsesenteret tlf 57669500 mellom kl. 08.30 -14,30 på kvardagar. 

Me minner om å:
•    halde avstand og bruke munnbind når du ikkje kan halde god nok avstand
•    halde hendene dine reine
•    halde deg heime viss du er sjuk
•    redusere tal personar du møter
•    sjekke status i den kommunen du skal til før du reiser