Tema for markdagen var spesialutstyr for slått og skjøtsel av bratt areal, og erfaringar med bruk av No-fence.

Med på markdagen var VEDA ved Øystein Veum og representant for Maskin Importøren AS. I tillegg synte lokale bønder fram utstyr som vert brukt i slåtten i bakkane i Undredal.

Trude Knagenhjelm delte erfaringar med bruk av No-fence, saman med dei frammøtte. Ei viktig erfaring er at det ikkje er så godt eigna til bruk på dyr der det er bratt landskap, og det er ein høg kostnad med dette utstyret.

Krattknusemaskina til Øystein Veum vekte stor interesse. Det gjorde og alt det andre utstyret som vart synt fram.

Takk til alle som møte fram til denne fine markdagen.