Onsdag 23.november kjem foredraget "Midt i trynet" til Lærdal. Føredraget tek føre seg rus, val og konsekvensar. 

Det vert skuleføredrag på dagtid, frå 12.00-14.30 for elevane i 8.-10. På kveldstid er føresette til 8.,9. og 10.klassingar spesielt invitert. De skal ha fått eiga melding i Visma skole app. Håpar de set av tida og prioritera å komme på dette. Foreldre og ungdommane får på denne måten same historia i ulik innpakking, og det kan vere eit godt utgangspunkt for gode og viktige samtalar. 

Kveldsføredrag for føresette (fortrinnsvis 8.-10.klasseforeldre): 

Stad: Lærdal kulturhus 

Tid: 19.00 (møt opp i god tid. Det er ikkje mulig å komme inn etter kl 19)

Pris: gratis