- Det var ein litt treg start, men no tykkjer eg det har vorte meir. I jula var det mykje utlån. Folk treng tid til å bli vand til tilbodet, seier Ann Kristin Mo.

Bua Lærdal starta 9.januar i fjor, så denne veka er det eittårsjubileum. 

Ann Kristin Mo styrer Bua - her leiger dei ut mykje forskjellig friluftsutstyr heilt gratis. For å nemna noko: Ski, stavar, skisko, truger, ryggsekkar, bæremeisar, telt, kokeapparat, hengekøyer, sklimatter, akebrett og bålpanne.

- Me har også ein lavvo til ti personar, men den har ikkje vore utleigd enno. No har eg bestilt pulk, den kjem inn snart, fortel Mo.

Her er noko av det ein kan låna på Bua Lærdal..

Enkelt å låna

Det er enkelt å låna utstyr - ein opprettar ein bruka på Bua si nettside, som ein kjem til ved å klikka på denne lenkja. Så finn ein Bua Lærdal - der ligg alt utstyret som ein kan låna opplista. Då reserverer ein elektronisk det ein vil låna og til kva tidspunkt. 

- Så kjem ein hit og og hentar det ein har reservert mellom klokka 14 og 16 tysdagar eller torsdagar. Då låner me ut på drop in også - altså at ein får låna ledig utstyr sjølv om ein ikkje har reservert på førehand. Men me anbefalar å reservera. 

- Ein annan fin ting med Bua er at det er landsomfattande, så er ein på tur til Bodø kan ein låna utstyr hjå Bua der - eller folk frå Bodø som er på tur til Lærdal kan låna utstyr her. Men ein må vera norsk eller ha opphaldsløyve i Noreg - utanlandske turistar kan ikkje låna utstyr.

..og her er meir

Gode sponsorar

Friluftsutstyr kostar gjerne mykje pengar, så med Bua blir det enklare for alle å kunne driva friluftsliv. Dessutan er det meir miljøvennleg å låna utstyr enn å kjøpa utstyr som kanskje blir lite brukt. 

Vidare er 2025 Friluftslivets år, så det ligg til rette for å bli mykje utlånsaktivitet framover.

- Har ein til dømes aldri gått på truger før så kan ein låna her og testa det. Eller viss ein treng telt berre ein gong i året er det jo veldig greitt å låna her i staden for å kjøpa sjølv. 

Bua er drifta av Lærdal brukthjørna og har fått mykje økonomisk støtte frå fleire aktørar som Sogn sparebank, Østfold energi, Kraftriket, Sparebankstiftinga Sogn og fjordane, Lærdal fjellstyre og Bufdir.

Totalt har Bua Lærdal fått inn 231.000 kr til innkjøp av utstyr og drift av tenesta i 2024.