Biblioteket vil ha kontaktinformasjonen din!
I haust gjekk biblioteket over til utlånssystemet Cicero. Dette systemet gir biblioteket betre mogelegheit til å kommunisera med lånarane sine.
Men for at du skal få tilgang til dette treng dei e-postadressa di eller telefonnummeret ditt. Om du er lånar på biblioteket vil dei gjerne ha denne informasjonen neste gong du er innom. På denne måten vil du få beskjed når bøkene du har lånt nærmar seg utlånsfrista. Dersom du låner populære bøker er det viktig at desse vert levert inn igjen når dei skal, då det er andre som står på venteliste på dei. Dersom du ynskjer å låne boka lenger, kan du forlenga låna sjølv på Mine sider.
Heretter vil alle utlånskvitteringar, påminning om utgåtte lån og purringar komme på e-post eller sms. Du vil også få kvittering på alle bøker du leverar inn att. Om du vil ha kvitteringar på papir, kan du sjølvsagt få dette.
Lånekort gir meir tilgang til biblioteket sine tenester
Alle lånarar ved biblioteket har høve til å få seg nasjonalt lånekort. Med dette kortet får du tilgang til ulike nasjonale bibliotektenester. Du kan lese meir om nasjonalt lånekort på Bibliotekkortet.no. For å eit slikt kan du fylla inn informasjon på nettsida til bibliotekkortet.no eller du kan kontakta biblioteket i opningstida, så hjelper dei deg der.
Med eit lånekortnummer og pinkode kan du på sikt låna bøker sjølv gjennom sjølvbetjente utlånsløysingar når biblioteket har fått dette. Du kan også logga deg inn på Mine sider og få oversikt over dei låna du heime. Og i tillegg du kan bestilla bøker frå biblioteket slik at dei ligg klare til deg når du kjem innom. For å sjå kva som er inne på Lærdal folkebibliotek du søke i samlinga deira.
Bestill bøker får andre bibliotek
Biblioteket har fast transportlevering kvar tysdag frå andre bibliotek i heile landet. Dersom det er ei bok du ynskjer å låna som dei ikkje har hjå seg, kan du bestilla denne på Biblioteksøk.no. Her får du tilgang til andre bibliotek sine katalogar og har difor eit mykje større utval å velje mellom. Det er helst bøker eldre enn tre år du kan bestilla frå andre bibliotek, då mange bibliotek ikkje låner ut dei nyaste bøkene.
Dersom du bestiller bøker vil du få automatisk hentemelding når boka er klar til henting. Du har ei veke på deg til å henta boka før den vert sendt tilbake. Dersom du treng lengre tid, må du gi beskjed om dette.
Andre digitale tenester
Biblioteket tilbyr fleire digitale tenester som du kan få tilgang til med nasjonalt lånekort. Dette er e-bøker og e-lydbøker i appen BookBites, filmstrøymetenesta Filmoteket.no og tidsskrift frå heile verda i Pressreader. Full oversikt over alle andre tenester finner du i oversikta Digitale tenester Dersom du ynskjer tilgang og opplæring i nokre av desse, kan du berre kontakte biblioteket i opningstida.
Biblioteket har ope kvar veke:
Måndag: 15-19
Tysdag: 10-16
Onsdag: 15-19
Torsdag: 10-16
Og ein laurdag i månaden: 11. januar, 8. februar, 8. mars og 5. april.
Kontakt oss gjerne på e-post: bibliotek@laerdal.kommune.no eller på telefon: 47 48 69 01