Ny frist for innspel til handlingsprogram i ny kommundelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2021-2024

I Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er det ei forutsetning at anlegg og tiltak som søker om spelemidlar skal inngå i ein vedteken kommunal plan. Dette gjeld alle anlegg som det er mogeleg å søkje spelemidlar til. Til dømes nye, aktuelle idrettsanlegg, turområder eller tilrettelegging av areal som kan nyttast til fysisk aktivitet.

 

Arbeidet med ny plan er godt i gang, men det vert utfordrande å arrangere eit innspelseminar før planen vert ferdigstilt. Dei som har innspel til tiltak til handlingsprogrammet, både kortsiktige og langsiktige tiltak for 2021-2032, kan sende desse inn per e-post eller avtale kontormøter med kulturkonsulenten. Møter vert avtalt ved å sende e-post til guro.nesse@laerdal.kommune.no.

 

Innspel til handlingsprogrammet skal sendast til:

 

Lærdal kommune

Postboks 83

6886 Lærdal

Eller som e-post til post@laerdal.kommune.no

 

Frist for innspel er sett til 1. juni 2020.