Noreg har letta på restriksjonane for korona, og med dette har andre virussjukdomar spreidd seg lettare. Det er mange som no opplev symptom på vanleg forkjøling. Det er framleis viktig at ein held seg heime ved sjukdom, nyttar munnbind på butikken og andre stader ein kan kome i nærkontakt med framande. Dersom ein er i tvil bør ein teste seg for korona.
Til dømes i samband med fylgjande:
Dersom du har vore på reise og i nærkontakt med framande.
Hatt besøk der gjestene har utvikla symptom.
Andre situasjonar som gjer deg usikker på korleis du kan ha blitt smitta.
Dersom fleire i ein husstand har symptom, er det nok at éin person testar seg i fyrste omgang.

Dei nasjonale testkriteria er kort referert her:
Testkriterier for koronavirus
Kven bør testast?
• Vaksne med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19. Dette gjeld også vaksinerte og personar som har vore smitta av covid-19 for meir enn 3 månader sidan.          Covid-19 har ofte følgjande symptom; feber, hoste, tungpustheit, tap av smaks- og/eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle.
• Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å haldast heime eller testast.
 
 Råd til deg som har symptom:
• Alle som testast (også fullvaksinerte), på grunn av symptom bør halde seg heime til negativt prøvesvar føreligg. Ein er mest smittsam i dagane rett før og rett etter symptoma startar.        Ved negativ test kan ein gå tilbake på jobb/skule når allmenntilstanden er god, sjølv om ein fortsatt har enkelte symptom etter luftvegsinfeksjon.
• For personar som er under smittesporing gjeld eigne retningslinjer.

Meir informasjon finn du her:
https://www.helsenorge.no/koronavirus/testing-og-symptomer/
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/barn-og-unge/