Lærdal kommune kommune har gitt tilbod om vaksine til alle over 65 år og vil vere klar med vaksineringa av denne gruppa før jul. For aldersgruppa som er yngre ned til 45 år, er det planlagt at denne gruppa vil få timeavtale frå byrjinga av januar under føresetnad av at det har gått 4,5 månader som er det nye tidsintervallet mellom dose 2 og dose 3. Ein del av desse er allereie kontakta og har fått timeavtale, alle vil få innkalling til oppsett time.

For resten av befolkninga ned til 18 år, vil det blir gitt tilbod om drop-in for vaksinedose 3, som inneber at ein kan kome innom på gitte tidspunkt utan timeavtale. Me vil informere om desse tidspunkta på heimesida og ved bruk av annonsering. Vaksineringa på nyåret vil føregå på dagtid i Kulturhuset.
Koronasmitten aukar kraftig over heile landet, og strengare nasjonale smitteverntiltak er iverksatt for å ikkje overbelasta helse- og omsorgstenesta, samt beskytta kritiske samfunnsfunksjonar. Les meir om dei nye nasjonale tiltaka her.
Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld inntil vidare i fire veker.
Dersom ein får innkalling og allereie har fått 3 dosar eller dersom timen ikkje passar, ver venleg å gje beskjed ved å ringe til Lærdal helsesenter på tlf.  57 66 95 00.