Du kan krevje å få retta, endra eller lagt til opplysningar i matrikkelen, dersom opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa har falle bort. 

Dersom feilen kjem frå andre registre, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare der.

Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga berører nabo, rettighetshavar eller andre partar, må du legge ved dokumentasjon for at desse samtykkjer kravet om retting.

Gjeld kravet retting av grense, skal du vedleggje kart og anna dokumentasjon som styrkjer kravet.

Slik søkjer du:

Når du skal søke om retting i matrikkelen må du sende inn søknad og vedlegg til post@laerdal.kommune.no

Meir om retting i matrikkelen

Dersom eigedomsgrensa i matrikkelen er feil og partane er samde om kvar grensa går, kan dei gjere ein avtale. Avtalen skal sendast kommunen. Matrikkellova stiller ein del krav til ein slik avtale. Mellom anna må avtalen gjelde ei eksisterande grense. Det vil seie at det alltid må ha vore ei grense mellom partane i dette området. Dersom det ikkje er tilfredsstillande godtgjort at avtalen gjeld ei eksisterande grense, kan kommunen nekte å matrikkelføre rettinga.

Kommunen vil evaluere om det finst ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Krava til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar det gjeld og korleis opplysningane er henta inn opphavleg. Parter som endringa vil ha betydning for, skal bli underretta.

Ein kan lese meir om retting i matrikkelen på Kartverket si heimeside, matrikkellova §26 eller matrikkelforskriften §10