Det er leiande helsesjukepleiar Sari Kumpula og einingsleiar for helse, Mari Klingenberg som har laga kommunen sin plan for massevaksinering mot Covid 19 (korona). Den førebelse informasjonen frå sentrale styresmakter er at det kjem 10 dosar til Lærdal kvar veke no i starten, så vil dette auke og me vil få vaksinert fleire etterkvart. Inntil 20 % av vaksinedosane kan nyttast til å vaksinere kritisk helsepersonale frå og med neste veke.
Innbyggjarar som ønskjer å vaksinere seg skal ikkje ta kontakt med helsetenesta om dette. Alle vil bli kontakta i tur og orden, og Lærdal kommune vil følgje opp med vaksinering i samsvar med nasjonale føringar.
Meir informasjon vil kome etter kvart som me veit meir om kor store mengder med vaksinedosar som me får.