Om postlista
Postlista viser all post til og frå kommunen ein vald dag, og vert oppdatert kvar vekedag med tre dagar utsetting. I kalenderen kan du velje kva for dag du vil sjå postlista til (klikk på ein dato, og postlista vert oppdatert). Sakene på postlista er tilgjengeleg i eit år.

Om innsynsretten
Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.
Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:
• Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevald organ
• Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
• Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslemyndigheit for saka dokumentet gjeld

Lovverk:
Offentleglova;
Rettleiar til Offentleglova;

Korleis gå fram for å få innsyn
I offentleg postjournal kan du sortere etter dato eller bruke søkeord for å finne dokument. Når du har funne dokument du vil bestille frå offentleg postjournal, kan du bestille dokumentet ved å nytte knappen «Be om innsyn». Dokumentet vert sendt på e-post til oppgitt e-postadresse innan tre virkedagar.

Klage
Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag..
 
Clear
     
 
Ukema ti on to fr
141234567
15891011121314
1615161718192021
1722232425262728
18293012345
<<    

Postliste den 25.04.2024

Søk i postlisten for valgt dag

 
 

 
    Det er ikke journalført noen dokument den 25.04.2024
ACOS Innsyn levert av ACOS AS