Her er lettingane:
 
  • Regjeringa opphevar kravet om gult nivå i barnehagar, barneskular og ungdomsskular, men tilrår gult nivå der smittesituasjonen lokalt tilseier det. Jamleg testing i skular og barnehagar    skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk. Her har me i Lærdal konkludert med at me inntil vidare held fram med gult nivå i barnehagane og skulane
  • Regjeringa opphever raudt nivå på vidaregåande skular og tilrår grønt nivå, men også her vil kommunane gjere lokale vurderingar.
  • Dei skal legge til rette for meir aktivitet for barn, unge og vaksne. Tilrår likevel å vente med større idrettsarrangement og turneringar. Vaksne kan drive aktivitet utandørs  utan antalsgrenser.
  • Skjenking av alkohol skal vere tillate fram til klokka 23.00, men servering skal skje ved borda. Endringa trer i kraft frå laurdag.
  • Regjeringa legg om karantenereglane så testing kan erstatten karantene i større grad.
     
  Idrett:
  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg.
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak.
  • For lagidrettar blir berre enkeltvise kampar tilrådd, og ikkje turneringar, cupar o.l. For individuelle idrettar er det tilrådd å avgrense gruppestorleiken på konkurransane.
     
Barn og unge under 20 år:
  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt. Tilrådd storleik på gruppene innandørs er om lag 20 personar eller etter klasse/kohort. Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt.
Vaksne over 20 år:
  • Innandørs er det tilrådd maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det leggast til rette for 2 meters avstand.
  • Vaksne kan utøve aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er naudsynt.
     
Karantene:
  • Smittekarantene for andre nærkontaktar til smitta personar, altså ikkje husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir erstatta av eit testregime.
  • Andre nærkontaktar blir tilrådde å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5), men ikkje å gå i karantene.
  • Nærkontaktar som er hustandsmedlem eller tilsvarande nære den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt. Desse skal så snart som mogleg teste seg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test tatt tidlegast 7 døgn etter nærkontakten, kan karantenen avsluttast.
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader.
  • Karanteneplikta gjelder heller ikkje personar som fekk oppfriskningsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annankvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten.
Heimekontor:
  • Alle som kan ha heimekontor, skal framleis ha det, fastslår regjeringa.
  • Dei held oppe føresegna om at arbeidsgivarar må sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg. Det blir tilrådd å halde éin meter avstand og bruke munnbind om avstanden ikkje er mogleg å overhalde.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.
     
Kontakt:
  • Regjeringa held på tilrådinga om meteren, munnbindpåbod og råd om maks 10 gjester i private heimar.
  • Elles blir det òg påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde som før.
Arrangement:
Private arrangement og samankomster på offentleg stad, leigde eller lånte lokale:
  • Innendørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund.
  • Utandørs: Maks 50 personar. Munnbindpåbod for publikum innandørs.
     
Offentlege arrangement innandørs:
  • Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar.
  • Med faste tilviste plassar: Maks 200 personar. Munnbindpåbud for publikum.
     
Serveringsstader:
  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyve, og ein må seinast klokka 23.30 slutte å drikke alkohol på skjenkestaden.
  • Skjenking skal skje ved borda.
  • Serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halde meteren, unntatt medan ein sit ved bordet.
  • Plikt til å registrere gjestar som samtykker til det.
For meir informasjon sjå vedlagte lenke:
 
 
Informasjon om smittevernråd til befolkninga: