For å ta vare på verdiane i jordbrukslandskapet, er det avgjerande med aktive bønder og andre som skjøttar landskapet. Dei som gjer ein innsats for dette, har sidan 2008 fått økonomisk bidrag for arbeide som vert gjort.

Tiltaksplan for Vestnorsk fjordlandskap var grunnlag for løyvingane den gangen. Denne planen treng no revisjon. I samband med revisjonsarbeidet, vert det i desse dagar utført ei brukarundersøking, som vil vere viktig for å kunne vurdere og synleggjere behov for økonomisk verkemiddel for vidare drift og skjøtsel av landbruket i verdsarvområde. 

Aurland kommune har ansvar for forvaltninga av tilskot til landbruket i verdsarvkommunane Voss, Vik, Lærdal og Aurland. Medan Stranda kommune har ansvar for Geirangerområde.
Kommunane Standa og Aurland er og ansvarleg for utarbeiding og godkjenning av ny tiltaksplan. På vegne av desse to kommunane, er landbrukssjef Magnhild Aspevik prosjektansvarleg.

Ny tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap er forventa godkjend fyrste halvår 2022.


Magnhild Aspevik
Landbrukssjef i Årdal, Lærdal og Aurland